Christian Frederik Hansen

Christian Frederik Hansen

C.F. Hansen måla av Friedrich Carl Gröger i 1820
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Danmark
Fødd 29. februar 1756
København
Død

10. juli 1845 (89 år)
Frederiksberg

Yrke arkitekt, universitetslærar
Kjende verk Domhuset i København, Vor Frue kyrkje i København, Christiansborg slottskyrkje, det andre Christiansborg slott, Metropolitanskolen, Hørsholm kyrkje og Skagen kyrkje
Periode Klassisismen
Christian Frederik Hansen på Commons

Christian Frederik Hansen (fødd 29. februar 1756 i København, død 10. juli 1845 i Frederiksberg)[1] var ein dansk klassisistisk arkitekt, kongeleg hoffbyggmeister, professor og direktør for Kunstakademiet. Han er rekna for ein framståande arkitekt frå denne perioden.[2] Han prega samtida og la grunnlaget for den nordiske klassisismen.[3] Hansen er òg ein av hovudpersonane i den danske gullalderen.

Hansen sette eit markant preg på offentlege byggverk under gjenreisinga av København etter ein serie av katastrofar som hadde lagt store dele av byen i ruinar på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet.

Blant bygningane var Domhuset på Nytorv som vart oppført som råd- og arresthus etter Hansens teikningar i åra 1803–1816.[4] Vor Frue kyrkje like ved har bastante rekkjer av søyler ut mot gata. Av andre bygningar kan nemnast Christiansborg slottskyrkje frå 1826, Christiansborg slott frå 1828 – brent ned igjen i 1884 – og Metropolitanskolen frå 1816.

I 2006 vart Vor Frue kyrkje teken opp i den danske kulturkanonen under kategorien arkitektur.[5]

  1. Christian Frederik HansenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. Christian Frederik Hansen Arkivert 2007-06-25 ved Wayback Machine. frå Arksite
  3. Arne Gunnarsjaa side 324
  4. Om Domhuset hos Dansk Arkitektursenter
  5. Om Vor Frue kirke hos Kulturkanonen[daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy